Litt seint ute med peparkakehuset i år. Eg fann ut at julaftaformiddag ikkje passar til husbygging, og ikkje dei første juledagane heller, så då skjedde det i går. Deiga står fint i kjøleskapet.
Eg prøvde eit nytt mønster i år. Delvis eit eg har funne på nettet, men det var sjølvsagt for lite, så eg la til ein vinkel.
Eg baka og sette ihop huset samtidig denne gongen.Eg var nemleg ikkje sikker på alle delane, så det var fint å kunne lage nye delar etterkvart som eg trengte det. Bomma litt på ein vegg og eit tak, nemleg.
Og med vinkel på huset blir det opptil fleire kompliserte vinklar på taket. Her skulle ein ha vore ingeniør… Men eg triksa til med å kutte delane litt ekstra etter steiking.
Minstebror tok jobben som overpyntemesterassistent, medan eg var melissprutesjef. Og sjølvsagt gløymde eg å pynte vindua på verandaen før eg limte på tak og gelender (og dei blei umogleg å rekke med melisposen)….
I år blei det til ei forandring ikkje Non Stop-tak.
Pappa ordna lys innandørs.
Så då er det berre å flytte inn.
I finally got round to making this years gingerbread house. I modified a pattern i found online, and made some extra complicated roof angles to make. Luckily i did the baking an assembling of the house at the same time – so I could make the parts as I needed them. Made a wall and a roof part too short at first…
My brother helped with the dacorating and my father mad a light to put inside the house. The rest of the family will help with the eating of the house in a few days time…




